onsdag 1. januar 2014

Nytt år

Eg er blant dei som synest at å starta eit nytt år er deilig. Nytt år ,nye muligheter . "Åhhh, alle seier jo det" kommenterte tenåringsdotter mi, litt sånn at det var jo litt teit å sei. Men likevel, det er det eg kjenner på. Første nyttårsdag og eg sit her i sofaen og kjenner at det er godt å starta eit nytt år. Og attpåtil, sola skin ute, ikkje sånn tydleg vårsol, men litt sånn i gløtt bak skyene, liksom ho lover meg at eg skal få meir. Eg trur på det og vil gjerne ha meir sol i det nye året. Himmelen er litt blå også, litt sånn her og der. Det er ikkje fritt for at litt av hagelengten kjem fram i tankane. Men det var den vinteren ? Kor blei den?  Kanskje eg skal bremsa litt på den hagelengten første dagen i det nye året. For jammen blir det lyst og trivleg å vera ute om snøen ville leggja seg og visa seg fram i all sin glans. Ja, eg liker snø og vinter også. Tar gjerne ein månad med snø. Eg tek også til takke med ein periode med tørrfrost. Fint tørt vær. Frose i skogen, i markjo, fint å gå tur då. Det er ein gong sånn at været det styrer ingen, så det er no ein av dei hendingane i året som kjem som eg berre må ta slik det byr seg fram og gjera det beste utav. Det skal eg , også i det nye året.  Livet byr også på ulikt vær. I mitt liv mangler det ikkje utfordringer. Også dei skal eg ta slik dei byr seg fram og gjera det beste eg kan. Kjenner at det skal eg klara, også i år. Og medan eg sit her og skriv så gjer eg verkleg draumen min om å skriva meir , å setja ord på tankar eg går rundt med , og så deler eg "småsnakket" mitt med deg. I dag gratulerer eg meg sjølv med ny blogg og håper den vil vera til glede for både meg og deg.


1 kommentar:

  1. Godt nyttår til deg :) Ikkje verst måte å starta året på syns eg, lykke til med skrivinga di. Klem frå Marta Kristin

    SvarSlett