søndag 23. mars 2014

Litt lenge men ikkje så langt.

Litt lenge, men ikkje så langt trur eg kan vera status for søndagsturen eg gjennomførte saman med min Lars Helge i dag. Utruleg deilig å gå ein tur saman med han . Ikkje kan eg gå fort , heller ikkje langt, men det er mykje å sjå på ein kort tur også.

Aleine var me no heller ikkje . Katten Rampus sneik seg med. Nær heile tida, luska etter oss, men aldri så nær at me fekk tak på han.
Flott stubbe. Bjørk med eføy-greiner rundt. Denne må heim ! Blir fin med ei blomepotte på.

 Liker så godt dei gamle stein-sette grøftene . Her er det lagt ned mange arbeidstimer og godt med sveitte vil eg tru.

Då me snudde og vendte nasa heimover gjekk katten først. Men venta måtte han for det var meir å studera på .

 Er så fasinert av lav, mose og denslags vekster.
 Og mannen studerte på grøfter som er gått tette.
Så var me nesten heima. Huset står,og katten legg seg tålmodig ned og venter. Her fann me boligen til ein av dei mange flygande venene våre. I ei gammal bjørk.Laga av håra frå høglandsfea våre. Må ha vore lunt og godt for dei som vaks opp der.


 Men det beste med boligen var vel kanskje det flotte bassenget
 som me fann i nabotreet ?
Takk for turen.


lørdag 25. januar 2014

Frå tanke til handling

Det går ein reklame på tv for tida. Kva det er reklame for, er gløymt. Men eg beit meg tak i ei stemme som sa noko om at det ikkje er nok med tanken, ein må gjera noko med det.  Alle har me vel høyrt den før. Det er handling som skal til. Sjølvsagt er det slik. Oppvasken tek seg ikkje sjølv. Ikkje om ein har oppvaskmaskin ein gong.  Kleda går heller ikkje frå soverommet og ut i vaskemaskina. Nei, det må handling til. Han/ho er ein handlingens mann eller dame er godord me høyrer andre bli omtalt med. 
Kva om du var ein av dei som ikkje kom frå tanke til handling? Ikkje fordi du ikkje ville, men fordi du ikkje klarer det ? Eg er ein av dei.Mange ganger blir det med tanken.Og eg har god tid til å tenkja. Eg tenkjer mange gode tanker, synest eg i alle fall. Eg har drøymer og eg har konkrete ideer. Men dei færraste blir det noko av. Eg ligg her med min ME-kropp og tenkjer det er synd at verda går glipp av min virketrang. Men så, av og til klarer eg det, å setja ideer ut i handling. Før jul samla eg ein flokk med veninner til julekos. Eg sa at dette var mi julegåve til dei, og at eg ville gje pengene som eg ville brukt på gåver til dei til Kirkens nødhjelp, og eg oppfordra dei til å gjera det samme. Slik fekk Kirkens nødhjelp ein god slump med penger til mennesker i naud. Ei av desse veninnene svara på invitasjonen med å sei : Mange tenker å gjera dette, så flott at du får det gjort. Eg trur ikkje ho veit kor godt dei orda varma. Tenk denne gongen klarte eg å gjera tanke om til handling. Eg varmer meg på dei orda enno.


mandag 20. januar 2014

Nyårsløfter



 Eg har ei kjensle av at det ikkje er heilt "in" eller trendy med nyårsløfter. Det skal visst vera litt vanskeleg å få det til ? Eg er no glad for at eg ikkje treng å vera "in" eller trendy eller noko sånt. Nytt år er ei fin tid å summera opp for meg sjølv korleis året som har gått har vore og kva eg ynskjer annleis i det nye året.  Eg liker å setja meg mål, liker å ha noko å strekkja meg mot. 
Det er slett ikkje alltid eg når måla mine. Å arbeida mot eit mål kan faktisk ta fleire år og av og til er del mål viktig. 
No er det sånn at eitt av mine nyårsløfter alt er brutt fleire ganger. Gjer ikkje noko det. Det er berre om å gjera å starta på nytt igjen, og kanskje igjen og igjen. Ikkje gje opp.
   Eg  er såå glad i sjokolade. Men eg veit at om eg ikkje skal bli rund som ein ball så må her nokre pauser til. Så i grunnen slutter eg fleire gonger i året. Eg er faktisk ein kløpper på å slutta å eta sjokolade. Eg har ikkje noko ynskje om å slutta med sjokolade for alltid. Nei, slik er det nok ikkje. Men eg vil gjerne ha ein kropp som eg trivst med og som eg klarer å gå litt på tur med. Og eg er sikker på at det å kutta ut sjokolade gjer at eg framleis kan gå på beina mine. Og det er jo det eg vil, til sjuande og sist.  Synest du kanskje at dette høyrdest håplaust ut ? Nei, slett ikkje. Det er faktisk mindre av meg ved dette årskifter enn i fjor. Så eg lar det stå til i år også. Eg slutter med sjokolade så mange ganger som det må til for at resultatet skal bli bra neste års-skifte også. Det fungerer for meg. Og sjokolade er jo veldig godt.....

søndag 19. januar 2014

Sjølvkritisk eg ?

Hmmm. Vart ikkje heilt lett dette ser de. No har eg med brask og bram proklamert at eg vil skriva meir dette året, og kva skjer ? Det er nemlig ikkje slik at eg ikkje har skrive noko, for det har eg sannelig gjort, og mykje har eg tenkt at det kan eg skriva om, men det har ikkje blitt noko av.  Det mangler altså ikkje ideer, men når sant skal seiast så har det skjedd noko når eg då endeleg har skrive noko, for det har liksom ikkje vorte bra nok ? Bra nok ja..... Hmmm. Ser ut som om eg er råka av den store Sjølv-kritikken, den som eg trudde andre lei av...ikkje eg i alle fall. Men når sant skal seiast, og det å vera ærleg har eg sans for, så har det skjedd noko her. Det kjennest akkurat som at når eg starta ein skrive-blogg så må det liksom vera så bra .... Så  bra at eg egentlig ikkje kan ha skrive-blogg ? 
Nei, eg skal skriva, og eg kjem til å skriva, litt om likt og ulikt og med den "stemma" eg har. Så får de som måtte lesa dette ta det eg kjem med som de vil. Den store Sjølv-kritikken er no lagt øverst på hylla. Den kan få vera her, for litt sjølvkritikk trur eg kan vera bra å ha. Så no har eg sagt det : Her på bloggen kjem det no innlegg som berre er krydra med litt sjølv-kritikk !! 
Og no skal eg trykka på publiser-knappen og la det stå til.


onsdag 1. januar 2014

Nytt år

Eg er blant dei som synest at å starta eit nytt år er deilig. Nytt år ,nye muligheter . "Åhhh, alle seier jo det" kommenterte tenåringsdotter mi, litt sånn at det var jo litt teit å sei. Men likevel, det er det eg kjenner på. Første nyttårsdag og eg sit her i sofaen og kjenner at det er godt å starta eit nytt år. Og attpåtil, sola skin ute, ikkje sånn tydleg vårsol, men litt sånn i gløtt bak skyene, liksom ho lover meg at eg skal få meir. Eg trur på det og vil gjerne ha meir sol i det nye året. Himmelen er litt blå også, litt sånn her og der. Det er ikkje fritt for at litt av hagelengten kjem fram i tankane. Men det var den vinteren ? Kor blei den?  Kanskje eg skal bremsa litt på den hagelengten første dagen i det nye året. For jammen blir det lyst og trivleg å vera ute om snøen ville leggja seg og visa seg fram i all sin glans. Ja, eg liker snø og vinter også. Tar gjerne ein månad med snø. Eg tek også til takke med ein periode med tørrfrost. Fint tørt vær. Frose i skogen, i markjo, fint å gå tur då. Det er ein gong sånn at været det styrer ingen, så det er no ein av dei hendingane i året som kjem som eg berre må ta slik det byr seg fram og gjera det beste utav. Det skal eg , også i det nye året.  Livet byr også på ulikt vær. I mitt liv mangler det ikkje utfordringer. Også dei skal eg ta slik dei byr seg fram og gjera det beste eg kan. Kjenner at det skal eg klara, også i år. Og medan eg sit her og skriv så gjer eg verkleg draumen min om å skriva meir , å setja ord på tankar eg går rundt med , og så deler eg "småsnakket" mitt med deg. I dag gratulerer eg meg sjølv med ny blogg og håper den vil vera til glede for både meg og deg.