lørdag 25. januar 2014

Frå tanke til handling

Det går ein reklame på tv for tida. Kva det er reklame for, er gløymt. Men eg beit meg tak i ei stemme som sa noko om at det ikkje er nok med tanken, ein må gjera noko med det.  Alle har me vel høyrt den før. Det er handling som skal til. Sjølvsagt er det slik. Oppvasken tek seg ikkje sjølv. Ikkje om ein har oppvaskmaskin ein gong.  Kleda går heller ikkje frå soverommet og ut i vaskemaskina. Nei, det må handling til. Han/ho er ein handlingens mann eller dame er godord me høyrer andre bli omtalt med. 
Kva om du var ein av dei som ikkje kom frå tanke til handling? Ikkje fordi du ikkje ville, men fordi du ikkje klarer det ? Eg er ein av dei.Mange ganger blir det med tanken.Og eg har god tid til å tenkja. Eg tenkjer mange gode tanker, synest eg i alle fall. Eg har drøymer og eg har konkrete ideer. Men dei færraste blir det noko av. Eg ligg her med min ME-kropp og tenkjer det er synd at verda går glipp av min virketrang. Men så, av og til klarer eg det, å setja ideer ut i handling. Før jul samla eg ein flokk med veninner til julekos. Eg sa at dette var mi julegåve til dei, og at eg ville gje pengene som eg ville brukt på gåver til dei til Kirkens nødhjelp, og eg oppfordra dei til å gjera det samme. Slik fekk Kirkens nødhjelp ein god slump med penger til mennesker i naud. Ei av desse veninnene svara på invitasjonen med å sei : Mange tenker å gjera dette, så flott at du får det gjort. Eg trur ikkje ho veit kor godt dei orda varma. Tenk denne gongen klarte eg å gjera tanke om til handling. Eg varmer meg på dei orda enno.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar