mandag 20. januar 2014

Nyårsløfter



 Eg har ei kjensle av at det ikkje er heilt "in" eller trendy med nyårsløfter. Det skal visst vera litt vanskeleg å få det til ? Eg er no glad for at eg ikkje treng å vera "in" eller trendy eller noko sånt. Nytt år er ei fin tid å summera opp for meg sjølv korleis året som har gått har vore og kva eg ynskjer annleis i det nye året.  Eg liker å setja meg mål, liker å ha noko å strekkja meg mot. 
Det er slett ikkje alltid eg når måla mine. Å arbeida mot eit mål kan faktisk ta fleire år og av og til er del mål viktig. 
No er det sånn at eitt av mine nyårsløfter alt er brutt fleire ganger. Gjer ikkje noko det. Det er berre om å gjera å starta på nytt igjen, og kanskje igjen og igjen. Ikkje gje opp.
   Eg  er såå glad i sjokolade. Men eg veit at om eg ikkje skal bli rund som ein ball så må her nokre pauser til. Så i grunnen slutter eg fleire gonger i året. Eg er faktisk ein kløpper på å slutta å eta sjokolade. Eg har ikkje noko ynskje om å slutta med sjokolade for alltid. Nei, slik er det nok ikkje. Men eg vil gjerne ha ein kropp som eg trivst med og som eg klarer å gå litt på tur med. Og eg er sikker på at det å kutta ut sjokolade gjer at eg framleis kan gå på beina mine. Og det er jo det eg vil, til sjuande og sist.  Synest du kanskje at dette høyrdest håplaust ut ? Nei, slett ikkje. Det er faktisk mindre av meg ved dette årskifter enn i fjor. Så eg lar det stå til i år også. Eg slutter med sjokolade så mange ganger som det må til for at resultatet skal bli bra neste års-skifte også. Det fungerer for meg. Og sjokolade er jo veldig godt.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar